Åsen Vel er ei velforeining som driftar og vedlikeheld friluftsområdet i Åsen, beståande av ei lysløype på 1,8 kilometer og «Myra» med fotballbane, skeisebane, grillhytte, skytjer og servicebygg.

Om Åsen Vel

Åsen Vel er ei velforeining som driftar og vedlikeheld friluftsområdet i Åsen, beståande av ei lysløype på 1,8 kilometer og «Myra» med fotballbane, skeisebane, grillhytte, skytjer og servicebygg. Det er Gloppen kommune som eig friluftsområdet. Her er stor aktivitet året rundt, frå folk i alle aldrar.

Vil du bli medlem?

Åsen Vel er heilt avhengig av frivillig arbeid, gåver og medlemskontingent frå brukarane for å kunne drifte og vedlikehalde friluftsområdet. Om du ønskjer å bli medlem kan du betale kr 400,- via Vipps eller til bankkontonummer 3710.30.16259.

Velforeining stifta i 1975

Velforeininga vart stifta 3. juni 1975 etter initiativ frå Alf Hjelle, Asbjørn Geithus, Atle Helgheim, Jakob Gule og Johannes Klungrehaug. Asbjørn Geithus var den første formannen i foreininga. Med seg i styret hadde han Elin Gro Skaaden, Ragna Sollid og Kjell Lindvik. Dei første som var med i dugnadsnemnda var Knut Stavang, Jostein Midtkandal og Atle Helgheim.

Lysløype sidan 1987

Svein Ryssdalsnes, Svein Hjelmeset, Jostein Midtkandal og Jarle Hervik var sentrale i byggjenemnda for å få på plass lysløypa. Vi fekk STUI-midlar frå staten og nemnda fortel om eit godt samarbeid med Gloppen kommune.  

I 1987 fekk vi stolpar frå Televerket. Jostein Midtkandal, Aksel Midtkandal og Anders Svarstad leia arbeidet med å få henta stolpane. Otto Eide, Leif Tveit, Gunnstein Tangen og Jarl Standnes fekk ansvar for å reise kring 30 stolpar og monterte lamper og leidningar.

Opprusting av løypa og bygging av grillhytte og servicebygg

Ivar Bruun som var leiar i Åsen Vel frå 2000-2020, leia seinare arbeidet med å heve løypa for å unngå overflatevatn i periodar med store nedbørsmengder.

I 2017 vart det lagt ned ein stor dugnadsinnsats for å få på plass grillhytta. Einar Holmøy teikna hytta, medan Jostein Midtkandal var byggjeleiar for prosjektet. Svein Hjelmeset, Anders Hole og Dagfinn Nyhammer la ned ein stor innsats her.

I 2019 var Jostein Midtkandal igjen byggeleiar, denne gong for å få på plass eit servicebygg med toalett. Året etter vart skytja ved sida av servicebygget oppført.

Dagens dugnadsgjeng på Myra består av Paul Rune Daviknes, Anders Hole, Anders Gloppestad, Dagfinn Nyhammer, Jostein Midtkandal og Rolf Gimmestad.

 

Kjelder:

Brønnøysundregisteret

Ivar Bruun

Firda Tidend 03.06.25.