Grasslått, beising og måling
God jobbing på Myra i dag, skriv Dagfinn Nyhammer på Facebook-gruppa vår. Dugnadsgjengen har rydda og slått gras og busker. No ser det ganske bra ut i nærområdet til Myra. Og no står løypa for tur. Ein ekstra innsats for Myra no, medan det er godt ver. Hytta er beisa, og glir fint inn i omgjevnadane, hovedbygget har fått eit strøk beis på sørveggen, og så har vi teke i mot 30 kubikk med bark, som må transporterast ut i lysløypa. Eit flott område har også behov for vedlikehald!
Som Jørn Lothe skriv på Facebook-gruppa, er det viktig at vi får rydda kantane av lysløypa før det blir køyrt ut bark. Vi håpar dei som har fått tildelt ein 100-meter får gjort dette så fort som råd! Nedanfor kan du sjå nokre glimt frå dugnadsinnsatsen! Dei ti første bilda er tatt av Dagfinn Nyhammer, medan dei to siste er tatt av Jørn Lothe.