Glimt frå 50-årsjubileum og jonsokfeiring på Myra
Nedanfor finn du nokre glimt frå feiringa av jonsok og 50-årsjubileumet på Myra 30. juni 2025. Trass litt dårlege vêrmeldingar, var det stort oppmøte på Myra. Mange hadde nytta høvet til å bli kvitt hageavfall, så tradisjonen tru hadde vi eit stort jonsokbål som brann ned alt for fort for nokon. Det vart også arrangert leikar for både store og små. Sveinung Søreide og Kjell Aske arrangerte hesteskokonkurranse, der David Vagstad stakk av med den gjeve premien.
Ei lita stund opna himmelen slusene litt vel mykje, men det varte heldigvis ikkje så lenge. Store og små vitja kiosken så flittig at vi måtte sende programleiar Dagfinn Nyhammer for å kjøpe fleire hamburgarar. Også i kiosken med kaker og bollar, vart vi utselde nokså fort. Det gjer at vi gjekk godt i pluss på arrangementet!
I forkant av jonsok- og jubileumsfeiringa skreiv Firda Tidend ein flott artikkel der fleire av eldsjelene i Åsen Vel vart intervjua. Denne artikkelen kan du lese her: Åsen Vel feirar 50 år på jonsokaftan.
Ivar Bruun som var styreleiar frå 2000 til 2020, heldt jubileumstale. Fleire har i ettertid etterlyst denne jubileumstala, men ifølgje Ivar var ikkje dette noko å legge ut. Han viser heller til eit skriv om historia til Åsen Vel, som du kan finne på Facebook-gruppa vår. Ein utvida versjon av denne historia kjem i «Ljøren», som vert utgjeve av Gloppen sogelag. Det anbefalar vi sjølvsagt å støtte!
Takk til alle som bidrog med dugnadsinnsats både i forkant og under jonsokfeiringa!