Ny vaskeliste til veke 32 neste år

Då har vi laga til ei ny vaskeliste for toalettet i servicebygget på Myra som varar frå veke 39 i år til veke 32 neste år. Det betyr at alle som står på vaskelista får 2 veker kvar. Som regel er det nok å vere innom ein eller to gongar den veka ein står oppført.

Gunnvor Eikenes vil henge opp eit ark med reingjeringsrutinar og eit ark folk kan signere på når jobben er gjort. Hugs å seie i frå i god tid om det begynner å gå tomt for toalettpapir eller reingjeringsartiklar, så ordnar styret det. Vi ønskjer også innspel på rutinar omkring reinhaldet.

Når det regnar kan det bli nokså skittet på golvet på toalettet. Vi forventar at dei som har med seg barnehage, skuleklasser eller brukar grillhytta til arrangement, også ser over at toalettet ser greit ut om dette har vore i bruk. Grunnregelen er at toalettet skal forlatast slik ein sjøl ønskjer å finne det at.

Du kan laste ned vaskelista i PDF-format her eller med signaturfelt og i eit meir utskriftsvennleg format utan bakgrunnsfarge her: Vaskeliste veke 39-32 (utskriftsvennleg).

Neste
Neste

Dugnad saman med sykkelgruppa