Dugnad saman med sykkelgruppa

I kveld hadde vi ein 2-timars dugnad på Myra. To frå sykkelgruppa, ein sjåfør på traktor og to andre, fekk gjort dette: Traktoren vart brukt til å grovplanere den spennande sykkelbakken. 

Elles nytta vi traktoren til å skave av litt masse på isbana inn mot austre demninga. Massen skal bygge demninga høgare, slik at vatnet ikkje renn over i løypa. Det står att ein del arbeid her. Vi må flytte litt på massen for hand.  Fint arbeid for to-tre personar med spade og grafse.

Det vart og køyrt ut to traktorskuffer med masse for å ruste opp løypa. Det har vore gjort mykje godt arbeid med løypa i sommar og fram til no.

Forrige
Forrige

Ny vaskeliste til veke 32 neste år

Neste
Neste

Trepark og gruslegging i løypa