Trepark og gruslegging i løypa

Frå tidleg i vår vart det jobba med drenering av eit vått område ved austre demninga til isbana. I samband med 50-årfeiringa til Åsen Vel, sponsa Gloppen kommune oss med god jord som vi dekte det drenerte området med. På denne plassen vart det planta alle tre og busker som veks vilt i Gloppen. Hageland gav Åsen Vel eit tre, Nordfjordasal, som 50-årsgåve. Arbeidet vart gjort av 2-3 personar leia av Svein Hjelmeset. Treparken stod klar til jonsokafta.

Treparken på Myra. Foto: Svein Hjelmeset.

Treparken på Myra. Foto: Svein Hjelmeset.

I haust vart det og gjort utbetringar på løypa. Før borklegging vart det køyrt ut 8 kubbikk med fin veggrus der løypa har vore våtast. Dette arbeidet vart utført av ein som køyrde traktor og to som raka ut grusen. Arbeidet vart gjort på to ettermiddagsøkter.

Det vart fyllt grus i alle slagholer i løypa. Foto: Svein Hjelmeset

Det vart fyllt grus i alle slagholer i løypa. Foto: Svein Hjelmeset

Fyrste 100 m av løypa har vore for smal til både skøyting og klassiske spor. Her vart det lagt på 4 kubbik med singel, ein del stein og grus på toppen. Singelen og grusen vart køyrt på med traktor. Stein fekk vi frå nabotomta. Raking og finplanering vart gjort på nokre ettermiddagstimar. På denne strekninga vart løypa ca ein halv meter breiare.

Utviding av løypa frå brakka og vestover. Foto: Svein Hjelmeset

Påfylling av masse, dosering, av den vanskelege svingen i lysløypa. Foto: Svein Hjelmeset

Forrige
Forrige

Dugnad saman med sykkelgruppa

Neste
Neste

Innkjøp av 30 kubikk bark til lysløypa