Tilrettelegging for uteskule på Myra
Uteskule med Svein Hjelmeset på Myra
Svein Hjelmeset har hatt fleire undervisningstimar med elevar frå grunnskulen i Gloppen og Stad kommune dei siste 5 åra. Dette er gratistimar som han ser på som dugnad, som Åsen Vel kan tilby skulane/barnehagane.
Sidan han kjenner godt til området, er tanken at han vil vise skulane gjennom desse timane, kva han ser på som spanande undervisningsopplegg der elevane kan bli nysgjerrige på naturen. Det er eit langt sprang frå eit bilde av ein blomst, til å kunne sjå at den blomsten faktisk veks her i Gloppen.
Du kan til og med lukte på han og kjenne på han. Er blomsten bergmynte, kan du smake på han og kjenne at det smakar pizzakrydder.
Artskunnskap og økologi blir viktig for dei som veks opp no, om dei vil engasjere seg i å ta vare på naturen, som etter kvart har blitt meir og meir sårbar. Kunnskap om dette lærer ein best gjennom feltarbeid ute. Elevar og barnehageungar kan få, og har fått, denne gode kontakten med naturen her på Myra.
Tilrettelegginga av uteskulen kan delast i:
Fuglar
Tre og busker
Viltveksande blomster og blomsterlause plantar
Hagerømlingar.