Åsen Vel er ei velforeining som driftar og vedlikeheld friluftsområdet i Åsen.
Støtt arbeidet - bli medlem eller gje ei gåve til Åsen Vel
Vi er heilt avhengig av mykje dugnad, gåver og medlemskontingent frå brukarane for å kunne drifte og vedlikehalde friluftsområdet. Om du ønskjer å støtte arbeidet vårt ved å gje ei gåve eller bli medlem, kan du betale via Vipps #126161 eller til bankkontonummer 3710.30.16259. Medlemskontigenten for i år er kr 400,-
Vil du låne den flotte grillhytta vår til eit arrangement?
Kontakt Dagfinn Nyhammer på SMS til 41227968 eller e-post: dagfinn.nyhammer@enivest.net for å reservere grillhytta. Han legg fortløpande ut på Facebook-gruppa når grillhytta er reservert.
Som medlem er det gratis å låne grillhytta. Dei som ikkje er medlem betalar kr 300,- per gong til kontonummer 3710.30.16259 eller via Vipps #126161.
OBS! Fredagar kl. 11.00-13.00 er grillhytta som oftast oppteken av Frivilligheitssentralen/Psykisk Helse.
Aktuelt
Her finn du dei siste seks nyhendene frå Åsen Vel. Velg «Aktuelt» frå menyen for fleire nyhender og arkiv.
Tilrettelegging av uteskule
Svein Hjelmeset har hatt fleire undervisningstimar med elevar frå grunnskulen i Gloppen og Stad kommune dei siste åra. Dette er gratistimar som han ser på som dugnad, som Åsen Vel kan tilby skulane/barnehagane.